«Det beste med jul e å vere sammen» (Roar Ruus Finsås)

I dag er kjerringa på garden nostalgisk og ganske alvorleg når ho skal ønskja dykk god jul og godt nytt år på vegner av Basthaugen Gard. Ho sit  no der ved kjøkkenbordet medan asaleaen dryssar, riflekjeksa og mandarinene tørkar inn og tenkjer på at alt var betre og meir perfekt før, eller…

gubben_og_gamla

Då ho vaks opp på Radøy, i gamledagar, byrja jula den siste helga i advent og varte til langt over nyttår med juletrefestar i regi av frivillige bygdekvinner på grende- og bedehus i kommunen. Sjølvsagt var alt såre vel. No byrjar jula med kakemenn og julepynt  i butikkane i september. I  desember kan ein velja vekk Julegudstenesta, juletregang og juleavslutning på skulen med eit sekulært einskildvedtak. Og kjerringa som var opplært til at eit Guds ord aldri ville skada nokon …

Det er mange som har teke denne diskusjonen i denne førjulstida. Det som gjorde størst inntrykk her på garden, er nok den modige, muslimske småbarnsmora Laial Ayoub som  i advendtsitda tok eit skikkeleg oppgjer  med bygdedyret i det muslimske miljøet med  å spørja på demokratisk vis på fjesboka:  «Hvem har sagt at vi muslimer ikke kan gå i kirken?»

I mange år framover vil asyl- og flyktningspørsmål stå øvst på agendaen i lokal og nasjonal politikk. Mange har snakka om nasjonal dugnad overfor denne gruppa, men dette må jo alle og ein kvar etterkvart forstå ikkje vil vera nok. At frivillig innsats kan vera til støtte og hjelp er ein ting, men det avgjerande er om integreringsprosessen vert målstyrt, styrt og gjennomført av det offentlege i tråd med lovar, reglar og forskrifter. At kommunane ser på dette som ei felles oppgåve alle etatar i kommunen er med på. Dette krev sjølvsagt også kompetente folk og miljø  som er trygge på eige språk, kultur, demokrati, byråkrati og budde på kulturkollisjonar i møte med menneske som har vore på flukt frå diktatur der «survival of the fittest» gjeld. Det må vel kunna vera mogeleg å kunna ha hjarte på rette staden, og samstundes kunna setja krav til menneske om dei ønskjer rettar om dei no måtte  vera funksjonshemma, flyktningar eller såkalla normal?

Som du sikkert har forstått, så har ikkje kjerringa på garden så  mykje til overs for den glatte, kommersielle og tilsynelatande perfekte jula ein kan sjå i reklamen eller svart-kvitt tenking generelt. Livet er for mangfaldig og stort til å vera så enkelt. Nei, gje ho heller det ekte!  Eit døme er julehelsinga anno 2015 frå Ordføraren i Radøy  som løftar fram samhaldet i kommunen trass alt som har vore dei siste månadane. Men ingenting slår den fantastiske julekonserten i Hordabø Kyrkje 13. desember der ekte, lokale folk og korps framførte julesongar og julebodskapen med stor innleving slik at tårene rann. Kan ikkje tru at noko menneske uansett religion hadde teke skade av denne flotte opplevinga. For ikkje alle kulturelle møte er ein kulturell krasj. Me er vel alle først og fremst menneske og ingen av oss er jo heller ikkje perfekte.

Her på garden har det ekte og det uperfekte stått i sentrum i mange år.  Og me trivst godt med ikkje å vera perfekte og straumlineforma. Me vaksne i heimen har dessutan denne jula gått høgt ut og kunngjort at det ikkje handlar om å ha ei perfekt jul og at livet ikkje er svart eller kvitt. Derimot handlar det om å ha ei god jul uansett kva for utfordringar som måtte dukka opp og at me kjem oss gjennom dei i lag sjølv om det eventuelt måtte bli nokre tårer. For livet er ikkje så glatt, glansa og uekte som i reklamen, og som det står i songen under «Det beste med jul er å vere sammen» uansett kva.

Proffene og Finsås syng «Jul i sammen» på TV BRA

 

«Jul i sammen» av Roar Ruus Finsås

Hei, min venn – no e det desember igjen

Og no e det klart for full rulle med adventskalender for store og små.

Pepperkaker og marsipan.

Juletre rundt i ring ogg nisser og julegrøt.

No skal vi feire jul, ja no skal vi feire jul.

Det beste med jul e å vere sammen.

Hei, min venn – no e det adventstid

Juleverksted, Luciatog og skolefri.

Hei, min venn – ka skal vi finne på`

Skal vi ta en tur på Pepperkakebyen?

No skal vi feire jul, ja no skal vi feire jul.

Det beste med jul e å vere sammen.

green-orange

 

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 4, fjerde helga i advent 2015.

Då eg var lita og det berre var ein TV- og radiokanal, var det fast tradisjon at Per Aabel las den uendeleg triste forteljinga «Piken med Svovelstikkene» kvar julaftan, trur eg det var. Eg hugsar godt første gongen eg høyrte han framføra denne mot slutten av 1970-talet, men  innhaldet i forteljinga og måten han framførte teksten gjorde inntrykk.

cropped-IMG_0334.jpg

Seinare gjekk det no slik at eg skulle verta svært så interessert i litteratur, så interessert at det vart faget mitt. Me har alle våre favorittar når det gjeld tekstar, songar og salmar me meiner skildrar vår oppleving av julebodskapen best. Og dette endrar jo seg med åra, i alle fall har det gjort det for min del. Eg hugsar godt då eg hadde kjærleikssorg for første gong og fann trøyst i  Whams «Last Christmas». Seinare har det kome andre tekstar i alle sjangrar inn i Julesamlinga mi, og ei av dei er Alexander Kiellands novelle «En god samvittighet».

Eg skulle ønska at komposisjonen til novella var omvendt. I byrjinga av novella avgjer den rike borgarfrua Emilie Warden at ho ikkje skal få sydd ny silkekjole hjå Madam Labiche. Ho seier til veninna si «Ja – jeg skal si deg» – svarte fru Warden, «jeg synes ikke at vi med god samvittighet kan gi så mange penger ut til unødig stas, når vi vet at i byens utkanter – i selve den by hvor vi bor, lever det folk i hundrevis, som lider nød – bokstavelig talt: nød!» Kven kan ikkje seia seg einig i dette?

I staden reiser ho til Fattighuset. Men den harde røyndommen kjem fort rett i fleisen på henne når ho stig inn over dørstokken der. Når ei ny verd kjem veltande innover Fru Warden, vert det for mykje for henne, og ho set opp eit skjold kring seg. Dei ho i byrjinga ville hjelpa, vert plutseleg til skitne og vonde menneske med skiten moral. Opplevinga vert av forteljarstemma forklart slik: «Men da den fattige alltid kjenner den rike så meget bedre enn den rike kjenner den fattige, så har denne siste tilegnet seg et eget sprog – en egen tone, som erfaring har lært ham å bruke, når det gjelder å bli forstått; – det vil si forstått således at den rike får lyst til å være velgjørende. Nærmere hinannen kunne de aldri komme.»

Ho gir opp. Ho opplever ei avmakt, at det ei kløft ho ikkje kan byggja bru over. Etter ei debriefing i lag med ei anna borgarfrue sluttar novella med at Fru Warden seier «Nu kan jeg dog gudskjelov med god samvittighet bestille min silkekjole.» Eg skulle ha ønskt at eg ikkje kjende meg att i fru Warden, men det gjer eg. Den store verda og røyndommar frå andre kantar av verda har kome veldig tett innpå ei middelaldrande kvinne på strilelandet, som også til tider kan kjenna på avmakt, at dette er for stort og vanskeleg.

IMG_2584

Parallelt med at eg har tenkt mykje på denne novella, har eg tenkt mykje på eit ektepar eg møtte då eg tok Livsyogautdanning i Stockholm. Eg hugsar ein av dei sa at dei med yogautdanninga  kunne byrja å skapa fred med seg sjølve, så kunne ein byrja å skapa fred rundt seg. Kanskje ein ide for både Fru Warden og meg? Enkelt og naivt, seier ei kritisk stemme inni meg… Men kanskje må ein byrja med å akseptera stort og smått i liva våre, byggja stein på stein i dei nære ting og endra først og fremst på seg sjølv og dei relasjonane ein kan gjera noko med? Kanskje godt samvit handlar om å blik kjend med sitt eige samvit og ikkje lytta til kva alle andre måtte meina om det er den gode moral eller kva folk flest måtte meina om vala ein gjer og livet ein lever?

Eg trur i alle fall at det gode samvitet og lukka er nærmare enn det eg trudde då eg var ung og avsluttar adventstankane anno 2015 med sluttstrofa frå ein slagertekst frå då foreldra mine var unge:

Den lykke du søker bak blånende fjell,

-kan hende du alltid har eiet den selv.

Du skal ikke jage i hvileløs ring,

Men lære deg å elske de nære ting.

jpg-farger-basthaugen-logo

 

Her kan du lesa En god samvittighet

 

 

 

 

 

Publisert i Kjerringliv, Litteraturkjerringa, Livsyoga | Skriv en kommentar

«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 3, tredje helga i advent 2015.

Å ha godt samvit handlar for meg også om å stella så godt med kropp og sjel som eg kan. Og for meg er det å gå på tur i den flotte naturen me har her på Radøy å slå to floger i ein smekk. Det er ikkje alltid det er like lett å komma seg over dørstokkmila for meg heller. Då hjelper det å ha to hundar som ikkje bryr som om kva for vêr det er, som er glade for tur uansett og som pushar meg med kjærleik ut døra.

cropped-IMG_1626-001.jpg

Før i tida gjekk eg medan eg lytta til musikk. Dette fekk ein brå slutt etter at eg i skumringa ein kveld for mange år sidan gjekk med iPod på full guffe. Farten var høg. Medan eg trykker på iPoden, krasjar eg i støypekanten, stupar over han, gjer salto i lufta og så ligg eg no på ein mosedott nokre centimer frå steinura i vasskanten. Då eg noko lettare sjokka reiste meg opp og lurte på kva som eigentleg hadde skjedd, såg eg ikkje mykje fordi brillene fauk av i svevet. Den nye iPoden til gubben var heller ikkje å sjå då eg er svært nærsynt. Då var det å gå i skodda heim att, bita i det sure eplet og fortelja kva som hadde hendt og få hjelp til å finna att både briller og iPod. Då me kom til åstaden, fekk faktisk gubben medkjensle med meg. Han kunne ikkje fatta og begripa at det einaste som hadde gått gale, var at briller og Ipod mangla. Men snart var desse også funne og alt var såre vel.

Som du sikkert forstår, vart det ein brå slutt med musikk på turane mine i skog og mark på Radøy. Det er eg faktisk veldig takknemleg for. For no får eg i staden ein god dose med stille tid som berre vert krydra med lydar frå naturen sjølv, og eg kjenner kor godt dette er for kvar einaste celle i kroppen min. Men denne rutina braut eg i går. Etter nokre veker med skikkeleg ruskevêr skein det opp. Eg lot førjulslaurdag vera førjulslaurdag og la turen til Nøttveitveten denne føremiddagen. Då hundane og eg kom til topps, fekk eg det føre meg at eg skulle sitja meg beint ned på benken og lytta til Ingebjørg Bratlands «På avstand».

Medan eg lytta til tekst og musikk der på benken ved varden, såg eg utover Manger og Radøy. Og det var så vakkert måleri som låg framom meg: Over Kvistefjellet låg det ei vakker kvit tåke som bølga seg kring fjellet, lufta var så rein og klar, sola skein på hav, på fjell og på bøane. Og alle husa på Manger var blitt til diamantar. Så sat eg no der og skua over Radøy og lytta til Ingebjørg Bratlands song. Pusten min var roleg, og eg kjende meg til stades i både kropp og sjel, retta opp ryggen og senka skuldrene.

Eit moderne menneske sat der på benken og kunne berre få vera til og var den einaste tilskodaren til det levande målarstykket ho heilt plutseleg hadde fått i gåve, og ho kjende tårer av glede sprengja seg ut og nedover kinna og kjende på kor godt det er å leva, å vera til.

 

 jpg-farger-basthaugen-logo

 

Publisert i Kjerring på tur | Skriv en kommentar

«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 2 andre helga i Advent 2015.

Forspel: 

Teksten under er publisert 19. mai 2014 då landbruksminister Listhaug hadde brusa med fjæra, rasla med sablane og bøndene reiste til Oslo. Men teksten er dessverre like relevant etter at Listhaug no har applaudert priskrigen til kjedebutikkane. I ei av avisene eg las, argumenterte ministeren med at dette jo var bra for dei fattige og sånn: Priskrigen fører jo til billeg julemat. Trøyste og bære, skreik no eg ut!  Og trudde eg las feil. Sidan eg las dette, har eg håpa på at Listhaug plutseleg vaknar opp og orsakar seg overfor heile Noreg, men særleg overfor dei fattige, med at dette var uttala i skikkeleg bakrus etter julebordet til FrP.  Dessverre trur eg dette var sagt i fullt alvor, pengane skal styra absolutt alt og er det ein set høgst av alt.  Slik vert Noreg no styrt av Frp i lag med eit tafatt og svært så mørkeblått Høgre. Kvar er sjuande far i Huset? Kvar er Kåre? Og kvar er Gro?

Det er ikkje berre du og eg som skal jobba for å ha godt samvit. Det skal også samfunnet streba etter og ikkje minst politikarane som me har valt. Eg trur faktisk mange med meg gler seg til neste Stortingsval og som ikkje kan venta med å spurta til urnene. Sjølv om FrP rasar fram på meiningsmålingane no når framandfrykta er på det største , er eg likevel  overtydd om at det faktisk er andre verdiar enn rein valuta som er viktige  for framtida til deg, meg og borna våre. Folk flest veit faktisk at lukka eigentleg handlar om gode relasjonar mellom menneske, korkje meir eller mindre. Men her kjem blogginnlegget som hadde følgjande tittel 19. mai 2014:

«Eg trur eg sakna småruta glas» («So som so», Hellbillies)

I desse dagar er det store protestar mot landbrukspolitikken til den noverande regjeringa, og eg må verkeleg seia at dette er eit emne som engasjerer meg meir og meir. Alt byrja med at mannen min og eg tok over heimegarden min for om lag tolv år sidan, fordi me ville byggja reir på landet og ha «…ei gamal stugu/med rutaglas og timravegg» eller rett og slett eit hus med sjel i. I tolv år har me jobba med å få vekk alt buskaset på innmarka vår som hadde fått lov til å veksa opp i dei siste 40 åra. Og løetaket, ja det er eit kapittel for seg… Men det er jo betre å vakna til seint enn aldri!

cropped-fremside-test-21.jpg

Tidleg på 2000-talet var me på biltur i Sverige og vart svært overraska over kor tilgrodd og forlatt den svenske landsbygda var.  I tillegg var mange gardsbygg i dårleg stand. Berre eit tiår etter er me her i Noreg i full fart med å nå søta bror att. Og snart er me vel betre enn dei på dette området også.

Då me overtok garden, hadde det ikkje vore drift sidan besteforeldra mine dreiv han. Og heldigvis gjorde me ikkje som mannen i Hellbillies-songen «So som so» og bygde nytt hus. Det var rett og slett ikkje snakk om. Me var fast bestemte på å restaurera Gamlahuset, det gamle våningshuset frå 1912, og hadde som mål å halda mest mogeleg på utsjånaden og stilen. Det er ikkje noko hemmlegheit at reint økonomisk ville det ha vore smartare å riva det ned å byggja nytt, men «Du kan fan ‘kji få kjøpt for peng/ei stugu slik som den, der minna heng/i timrestokka, golvplank og seng.» Slik er det også med prosjektet vårt kring å få sau til gards: Å halda kulturlandskapet ved like og vøla løa vil nærmast verta eit idealistisk prosjekt slik landbrukspolitikken ser ut til å bli no.

Attgroinga av eldgamle kulturlandskap går svært fort  i område med småbruk i Noreg  – og dei områda er det jo mange av i dette landet nettopp fordi store delar av naturen vår ikkje tillèt stordrift. I Dag og Tid las eg nyleg om den sitjande høgreregjeringa i Austerrike som rett og slett gjev stønad  til slike bruk også fordi dei er like viktige og verdifulle som dei store . Dermed er landbrukspolitkken til høgre-politikarane meir hetrogen med eit større mangfald av gardsbruk , og dei tek såleis også vare på dei mindre og tungdrivne gardsbruka i til dømes i Alpane. I tillegg får dei visstnok også støtte frå EU! Kva i all verda er det som gjer at høgrepolitikken i våre to land som er så like, likevel er så ulike?

Den vesle Vestlandsgarden vår ser ut til ikkje å falla innunder landbruk av den noverande, norske landbruksministeren. Og mangfald av gardsbruk er ikkje på agendaen. Å ta vare på verdiar som ikkje gjev utteljing i BNP, ser heller ikkje ut til å vera interessant. Me kjenner no uansett eit ansvar for garden vår og vil bruka tid, energi og pengar på å prøva å få dette vesle gardsbruket opp å gå. Me vil  at garden skal vera i drift slik som han har vore  i hundrevis av år og at me kan læra oss gamle tradisjonar og levera desse vidare. Men eg må jo innrømma at eg så gjerne skulle ha sendt Listhaug på ei studiereise til kollegaene og partifellene hennar i Austerrike!

Det er jo dumt om  Listhaug og Co skal få gjera som mannen i den tidlegare siterte Hellbillies-songen: Han sel sjela si til bykaren og «i tillegg fekk’n hjarta i pant». Men kor lenge var Adam i Paradis? I Nyahuset angrar mannen, og skal tru om ikkje Listhaug også  ein dag kjem til «å sakna småruta glas.»

 

jpg-farger-basthaugen-logo

 

Publisert i Gardsdrift, Kjerringliv | Skriv en kommentar

«En god samvittighet» (Alexander Kielland) Del 1, første helga i advent 2015.

Simba er det nye firbeinte medlemmet i familien. Han kom til oss seint i august då kjerringa meinte me lika godt kunne adoptera ein vaksen katt i staden for ein nusseleg liten kattunge. Såleis kunne ho jo også få litt betre samvit. Naboane hadde jo fiksa dette og teke til seg ikkje mindre enn to vaksne kattar frå Dyrebeskyttelesen. Nei, dette måtte jo kunna gå knirkefritt for oss også! Tenk, så feil ein kan ta!

simba

Simba kom ein torsdagskveld til gards. Men før me visste ordet av det, hadde han gøymt seg lengst inne i kjellaren der me har stua ting frå golv til tak og som sjølvsagt skal tømmast og ryddast til våren. Etter mykje om og men fekk me no til slutt tak i han. Kjerringa lovprisa katten for kor grei han var: Han korkje klorte eller beit då ho fanga han trass i at han var livredd.

Familierådet gjorde eit hastevedtak og sende han i asyl på søre lemmen eller soverommet til dei vaksne i huset. Me bar han opp og sette inn mat, vatn og ein liten kattedo. Lite ana me kor lenge soverommet vårt skulle verta okkupert av hankatten Simba og verta omgjort til akuttmotak. Men meir viktig enn dette er kva som skjer grytidleg morgonen etter.

Og her er måleriet: Ho mor ligg enno  i senga med katten, og gubben er gått i dusjen. Simba ligg der ved sidan av ho og mel og stryk seg. Men ein annan rutine om morgonane er at hundane vert slepte  inn til kjerringa for litt kos før eg står opp. Trass i åtvaringar om skilnaden på hund og katt og særleg skilnaden på hund og vettskremt hannkatt, greidde likevel den eine Mittelspitzen å komma seg gjennom alle murar, inn på rommet og opp i senga. Så står hunden der, blid og nøgd, med tunga ute og glisar slik som hunden i teikneserien Pusur. Idyllen vert på ein tiendelssekund gjort om til eit lite helvete på jord:

Simba vert så sjokka at han brukar brystet til kjerringa som klorematte og tommel, peikefinger og venstrearm som bitering før han spinn over det venstre låret med absolutt alle klørne ute før han heng etter klørne i vindaugskarmen høgt oppe og langt frå hunden som står svært forvirra att på same stad i senga. Kjerringa går i svima ned frå lemmen, får ringt legevakt, skremmer ungar og endar opp på legevakta i Knarvik med stivkrampesrpøyte og ein antibiotikakur, får full pakke før klokka er 0830.

Du trur kanskje at forteljinga er over. Men nei du, fredagskvelden ei veke seinare, har kjerringa vore så lur å teke katten ut av asylmottaket på søre lemmen og ned i stova. Då me skal leggja oss, ber ho Simba opp att. Men så skvett han til –  igjen –  då ei gamal, knirkande dør plutseleg fyk opp med bulder og brak. Igjen vert kjerringa klorematte og bitering for det som no vert til &#§ katten og ho drit loddrett i det gode samvitet.

Men det var berre til å kle på seg att, ta med ungar og køyra til legevakta atter ein gong. Noko pinleg tykte no kjerringa. Legen ga kjerringa ein endå kraftigare antibiotikakur denne gongen, men ho slapp heldigvis unna ein ny omgang med stivkrampesprøyte. Til slutt avsluttar legen med nokre alvorsord og seier at kanskje katten heime nok er den som har mest trong for hjelp og ikkje minst ei tilvising til psykiater og ein runde med psykoterapi.

Kjerringa har halde god avstand sidan. Men ho trur legen har rett. Då ho kjøpte eit nytt lodden teppe, fekk Simba eit spesielt tilhøve til teppet: Han legg øyrene bakover, bit i teppet medan han både freser og mel på same tid…

jpg-farger-basthaugen-logo

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

«Tung tids tale» (Haldis Moren Vesaas)

Då eg i mai heldt 17. mai tale i Hordabøhallen, valde eg til slutt å la temaet for talen dreia seg kring det å vera flyktning då eg kjende at dette meinte eg faktisk noko om.  Eg fattar ikkje at eg våga det. Men då trøysta eg meg med at det verste som kunne skje denne kjerringa, var om talen vart tannlaus. I talen konkluderte eg med at oljenasjonen Noreg burde kunna vera i stand til å ta imot fleire flyktningar enn dei det var tale om på den tida. Eit halvt år seinare er desse tala låtteleg låge i høve til dei store tala me faktisk står overfor i dag, og me har ikkje oversikt i det heile enno.

Untitled-1

I den siste tida har det vore heftige diskusjonar, eller kanskje eigentleg kranglar. I media og i diverse sosiale media er det steile frontar mellom dei som meiner dei har fått merkelappen «rasist» og dei som meiner dei har fått merkelappen «landsvikar» i og med at verda har kome  til Noreg og Bygde-Noreg. Er det slik no at frendar og famile  vert fiendar… Eg meiner absolutt ikkje at den enorme auken i asylantar og flyktningar er uproblematisk. Som svært mange andre, har eg mange spørsmål  kring dette og tykkjer at det rett og slett er ei svært kompleks sak.

I tillegg arbeider eg med flyktningar og opplever flyktningstraumen med blikket som lærar og NAV-tilsett. Og det er nok slik at eg og dei andre norske som arbeider med denne gruppa, utgjer dei få norske samtalepartnarane flyktningane faktisk har. Og me er på jobb, og eg får sjølvsagt betaling for jobben slik at det no er sagt. Men eg trur eigentleg at me veit at det alltid er minst to sider av ei sak og at det ikkje er tale om noko svart-kvitt og quick-fix når det er tale om menneske, og i alle fall ikkje når det er tale om menneske på flukt.

Oppi alt kaoset som no har kome til oss, er det i alle fall for meg blitt viktig ikkje å setja meg sjølv i ein bås, men heller ikkje plassera andre i båsar. Eg tykkjer at det har blitt svært vanskeleg å ytra seg utan å bli plassert i bås. Etter mi meining er media og nett-trolla hovudårska til dette, ikkje meinigmann. Eg lengtar etter grundige og høvelege diskusjonar med relevante argument basert på fakta. Dette har det vore lite av. Det er heller klipp og lim utan kjeldekritikk som har fått dominera.

Visjonar og mål er viktige for alle menneske, trur eg. Og eg ønskjer å gå mot adventstida der tru, håp og kjærleik er rettesnor for korleis eg skal møta andre menneske på min veg uansett kven det måtte vera, på jobb eller privat. Eg kjem sjølvsagt ikkje å lukkast med dette, men det er ein visjon, ei rettesnor. Eg er absolutt ikkje eit prakteksemplar av rasen homo sapiens då eg har eit stort ego, er engsteleg og har redsler og lyster som lett kan føra meg på ville vegar i møte med folk om dei er strilar eller framandfolk.

For tida framover ønskjer eg meg mest av alt at alt det gode i meg skal sigra over det vonde. Bakgrunnen for at eg skreiv denne vesle teksten, er også at eg plutseleg kom på mange av verselinjene i diktet «Tung tids tale» av ein av favorittpoetane min, nemleg Haldis Moren Vesaas. Eg tenkjer at diktet ikkje kom heilt tilfeldig til meg. Eg trur diktet er ei påminning og ei trøyst til meg når eg skulle kjenna på at det som skjer rundt meg skulle virka for stort og for tungt.

 

Tung tids tale

 

Det heiter ikkje: eg – no lenger.

Heretter heiter det: vi.

Eig du lykka så er ho ikkje lenger

berre di.

Alt det som bror din kan ta imot

av lykka di, må du gi.

 

Alt du kan løfte av børa til bror din,

Må du ta på deg.

Det er mange ikring deg som frys,

ver du eit bål, strål varme ifrå deg!

 

Hender finn hender, herd stør herd,

barm slår varmt imot barm.

Det hjelper da litt, nokre få forfrosne

at du er varm!

 

 

jpg-farger-basthaugen-logo

 

 

Publisert i Kjerringliv | Skriv en kommentar

Hylling til steinmurarane

I det siste har steinmurane på løa fått seg ei skikkeleg ansiktsløfting slik at murane kan stå i generasjonar framover i tid også. Me vil gjerne hylla tørrmurarane med eit lite dikt, og me vil komma sterkt tilbake med tekst og bilete som fortel meir grundig kva som er gjort om dette skulle vera av interesse. Men i november kan det vera godt å tenkja på steinmurar i slåttesol:

Steinmurar  i slåttesol

Tre kvinner kviler i solgangsbrisen

medan langljåen sagar grønt

Slåttefolk ved vestveggen

jpg-farger-basthaugen-logo

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Agronom in spe, del 3

At jord ikkje er jord, fant eg ut allereie etter den første nettagronomsamlinga på vg2 på Stend i fjor haust. Men det stoppar ikkje her, skal du vita. Nei, no har humanisten lært at bær sjølvsagt eigentlig ikkje er bær heller… 

IMG_6449

På den aller første samlinga vår leia læraren oss i flokk kring heile Stend slik at me fekk eit svært godt inntrykk av eigedomane til og produksjonen på Stend vidaregåande skule. Me fekk også eit grundig innblikk i kor komplisert og viktig jord og jordsmonn er. Og sjølvsagt må jord stå heilt sentralt på timeplanen då jord utgjer grunnlaget for det faget eg no skulle til å læra om. Men etterkvart vart eg svolten, og eg såg ein av dei andre agronomane ty til surblad i smug. Me var alt for blyge på denne aller første samlinga til å spørja om pausar og slikt, og me fekk difor ikkje vitja kantina og toaletta på Stend denne dagen. Til slutt fekk me no noko innabords likevel, men ikkje heilt det me kunne ha tenkt oss. Heile gjengen var så svoltne at me gladeleg smaka på jorda då læraren entusiastisk spadde opp ein særleg type jord og bad oss smaka på ho. (Dette kan du lesa meir grundig om i innlegge «Agronom in spe, del 1» om du har tid og lyst til slikt)

Vg3 har heldigvis starta med noko som det er meir smak på og som er meir eteleg: nemleg bær og økologiske grønsaker. Og vart eg og medelevar svoltne på ekskursjonane, var det berre å forsyna seg av markens grøde. Men no er me blitt så husvarme at me ikkje lenger kvir oss for å spørja om pausar og liknande. Eg må innrømma at eg likar bær og grønsaker betre enn jord. Men ting vert ikkje mindre komplisert: For bær er heller ikkje bær, og ei heller jordbæra og jordbæra frå Tellevikflaten gard på Ask som me vitja ein kald og fuktig oktoberdag.

IMG_6452

Nei, bær er ikkje bær. I følgje læreboka er jordbær (Fragaria X ananassa) botanisk ein oppsvulma blomebotn som høyrer til rosefamilien der planta er fleirårig og urteaktig. I Store Norske Leksikon står det at «Bær er frukter som ofte har mange frø og hvor frøene oftest er inne i fruktkjøttet.» Store Norske hevdar at i botanikken snakkar ein om bær som ein av fire typar frukt: Bær, nøtter, belgfrukt og steinfrukt der bær nesten alltid har mange frø. I dagleg tale, nyttar me «bær» om fleire frukter som ikkje er bær slik botanikken ser det: Til dømes er bringe- og bjørnebær steinfrukt og jordbær vert kalla for uekte frukt, fordi frukta vert danna av noko anna enn fruktknuten. Agropub peikar på at den eigentlege frukta til jordbæra er frøa.

Nei, lett skal det ikkje vera. Men det er jo bra at ein lærer så lenge ein lever!

 

green-orange

 

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar

«Intet er så rommelig som havet» (Garman & Worse av Alexander Kielland)

Det er ingen løyndom, men eg må no berre få sagt det likevel: Eg elskar Frankrike! Eg har ikkje tal på kor mange gonger eg har vore i heksagonen eller sekskanten, som for franskmenn er synonymt med Frankrike. Det er verkeleg vanskeleg å velja ut ein favorittstad eller område å skriva om, fortelja om utan å føla at eg er utru mot nokon eg elskar.  Då eg var ung, budde eg eit år i Frankrike og trudde ikkje eg ville lengta heim att. Men det gjekk ikkje så lang tid før eg oppdaga kor forferdeleg eg sakna havet heime og kjende meg som ein pusling på ope hav, ei kjensle ganske lik den eg fekk då eg nokre få år seinare las opningsorda i Garman& Worse: «Intet er så rommelig som havet, intet så tolmodig. På sin brede rygg bærer det lik en godslig elefant de små puslinger, der bebor jorden;» For meg var møtet med fransk språk og kultur heilt sentral for min vekst som menneske, men like viktig var det at eg hadde eit solid grunnfeste i det norske språket og kulturen.

IMG_6572

Takka vera engelsk- og framandspråkundervisninga i den norske skulen vart eg tidleg utsett for andre språk, men også andre kulturar. Norskfaget har gitt meg eit solid grunnfeste  og tryggleik i det norske språket og den norske kulturen. Det er fort gjort å tenkja at språk berre er språk, men språkfag rommar så mykje meir: heile livet og heile mennesket og ikkje minst møtet med den andre, det nye og det som er annleis enn det typisk og trygge norske. Språkfaga må ta mykje større plass og få mykje høgare status i den norske skulen i framtida, fordi faga femnar om identitet og kultur og fremjar sjølvforståing så vel som toleranse. Korkje meir eller mindre.

Sjølvsagt må ein læra seg gloser, grammatikk, fonetikk og alt anna som må til for å læra seg å nytta eit språk: å lytta, forstå, skriva og lesa.  Det krev stor innsats av elevar som lærer eit språk i eit anna land enn der språket vert nytta og ein får det ikkje dette gratis eller intravenøst, som eg pleidde å seia då eg var fransklærar. Noko som var viktig for meg i jobben som fransklærar, var at flest mogeleg skulle få oppleva å møta kulturen og møta nye menneske gjennom å bruka språket i møte med ekte menneske i det landet det høyrer heime i.  Det var som ein elev sa, rimeleg sjokkert, etter å ha vore med på ei utveksling: «Fransk er jo eit språk som folk snakkar og brukar!» Og dette var ikkje så dumt sagt når me tenkjer på kva for språk folk flest får servert i kvardagen her i Noreg, det er neppe tysk, spansk og fransk.

DSC00671

Når norske elevar snakkar engelsk, eller kanskje rettare amerikansk, føler dei seg ganske gode og trygge, kanskje for trygge då den kulturelle kompetansen og forståinga nok kanskje ikkje er på same nivå som det språklege. Når ein då reiser til dømes som utvekslingsstudent til eit engelsktalande land, bør ein oppdaga ganske fort at språk er meir enn språk. Ein forstår kjapt at ein også må ha eit blikk til og forståing for det som er annleis og ei evne til å tilpassa seg det samfunnet som ein for ei stund sjølv har vald å bu i. Om til dømes ein britisk lærar kommenterer at ein er for sein til timen, er dette ein korreks. I den britiske skulen er dette meint som ein korreks ein elev som kjem for seint, ikkje skal svara på. At det er annleis i Noreg, er ei anna sak. Ein må sjå seg sjølv og det norske utanfrå, og ein må faktisk tilpassa seg. Også godt vaksne nordmenn i Spania bør vel eigentleg tenkja på dette.

Ein trur at ungdommen no til dags er så reise- og verdsvande, men dei er nok ikkje så mykje annleis enn ungdommen i tidlegare tider. Det er berre overmot , tankeløyse  og ein stor dose vil-langt-vekk-frå-Gnore som gjorde at eg våga å reisa ut: Eg hadde rett og slett ikkje peiling. Som mange ungdommar no til dags vart eg også fort usikker på store flyplassar, i store byar, i møte med ny mat, nye skikkar og reglar langt heimafrå  trygge Noreg og mor og far. Eg har erfart å reisa med elevar utanlands på hotell og gjera turistting, men det er noko heilt anna og meir utfordrande og krevjande for elevane å vera med på utveksling: Å bu hjå framande og ta imot framande heima, å vera ambassadør for ein skule og eit land og vera vertskap. Dei som vågar slikt, er svært modige og tøffe. Når ein bur hjå til døme ein fransk familie, får ein kjenna på det å vera litt hjelpelaus og usikker overfor alt det nye og framande. Då er det ikkje alltid så lett å gjera greie for seg om tankar, meiningar og kjensler på framandspråket i eit land der all informasjon er på eit språk du ikkje kan så godt. Og kanskje ein saknar familien etter berre eit døgn. Då er det heller ikkje så lett å halda på eit tøft ytre. Når ungdommar gjer dette, viser dei stort mot og dei lærer noko ein aldri kunne ha praktisert i eit klasserom i Noreg,  språk i praksis, som utgjer kjerna i språkfaget.

IMG_1900

Eg hugsar godt alt eg lærte om livet, døden og kjærleiken ein gong i tida. Som ung, norsk kvinne i Frankrike lærte eg om dei andre og meg sjølv i møtet med det nye språket og kulturen. Då eg i juni 1991, som 20-åring, tok toget til Paris for å reisa heim att til Noreg for å verta student i Bergen, hugsar eg at eg kanskje gjorde min første  medvitne, vaksne refleksjon. Ja, betre seint enn aldri.  Medan eg suste forbi dei fargerike hustaka i landsbyane i vinområdet Bourgogne,  bestemde eg meg for at alle dei gode erfaringane eg hadde gjort meg dette året skulle verta gode minner og dei mindre gode skulle vera gode livserfaringar. Eg hadde vakse som menneske gjennom mange kulturkrasj, misforståingar og språkvanskar.

Gjennom erfaringane mine som fransklærar på ein skule som driv med utveksling, er eg blitt overtydd om at utveksling må vera ein heilt naturleg del av den daglege drifta, til og med kjerne i drifta på ein norsk skule av i dag. Slik pedagogisk verksemd ber frukter for alle  og i alle fall brukarane i skulen, dei modige elevane og dei som er framtida vår. Dette veit eg: Eg har sett og erfart elevar veksa i møte med det ukjende, det nye og ikkje minst erfart det sjølv på kropp og sjel.

Eg veit ikkje om eg sjølv har blitt så mykje lukkelegare av å reisa ut, men eg trur eg har vunne meir innsikt i meg sjølv og det som er annleis meg og mitt.  Eg lærte at verda var større enn Noreg, å sjå meg sjølv og andre i eit større perspektiv, å takla livet på eiga hand:  å trå feil og komma meg opp att og vidare. Samstundes lærte eg å setja pris på alt det eg hadde heime, som til dømes natur, verdiar og tankesett. At det finst sprenglærd toskeskap og folkeleg visdom, at livet har mange livsleksjonar å by på og at det er viktig å kjenna seg trygge i eige språk og kultur om ein skal vera open overfor det nye, det ukjende.

IMG_6074

Kva for norsk skule ville ha bedt elevar på byggfag om å tenkja seg til kva dei kan gjera med hammar og sag og elevar på mat- og restaurantfag fantasera om kva kniv og steikepanne kan vera godt for? Etter mi meining burde ein  for det første satsa  i mykje større grad på norskfaget i skulen  med å la lærarar med høg kompetanse i norskfaget få undervisa og gi norsklærararne den status og arbeidstilhøve både dei, faget og ikkje minst elevane fortener. For det andre må utveksling rett og slett vera obligatorisk for alle i den norske skulen slik at dei får reisa ut å møta språka dei lærer om i den kulturen det høyrer til då kanskje dette kan vera det beste vernet overfor ignoranse og framandfrykt. Og er det noko verda treng meir av i dag, er det å utvikla toleranse og gjensidig respekt mellom menneske frå ulike land og kulturar.

green-orange

Takk til Hege, Wilco og Bjørn!

Publisert i Kjerring på tur, Kjerringliv | Skriv en kommentar

Rubus idaeus – Kjært barn har mange namn

Det er ikkje berre berre å vera filolog når ein skal svara på agronomoppgåver. Filologen i meg tek meir enn gjerne overhand og plutseleg så sit eg og problematiserer heilt andre ting enn kva oppgåva ber meg om å tenkja på.

bringbærplante

Og dette skjer sjølvsagt også etter å ha lest meg opp på bringebær i samband med ei oppgåve om bringebærdyrking etter ekskursjonen nettagronomane hadde til bringebærbonden Jostein Prestbø som driv Fitjarbær på Fitjar. Denne driftige byggmesteren som driv med bringebær på si og som har hatt to feriedagar i år, var også nyleg pauseinnslag i Norge Rundt.

IMG_6422

I tillegg til å dykka ned i heile produksjonsprosessen til bringebærdyrking, har eg til dømes undra meg over dei ulike namna planta har på ulike språk: hallon (svensk), hindbær (dansk), rasberry (engelsk) og framboise (fransk). Hmm, kvifor det når «makrell» heiter «maquereau» på fransk?  Eg tek det opp med husbonden og dermed er det gjort. Jau, kanskje «makrell» er eit nyare ord? Kanskje kom makrellen seint til Noreg og dermed lånte me ord i frå andre språk me hadde kontakt med? Og kanskje er då «bringebær» eit mykje eldre fenomen her i Noreg? Og så er det gjort endå ein gong, og me er skikkeleg på bærtur. Me googlar i veg, og me les at det sanneleg er funne restar av bringebær på steinalderbustadar. Plutseleg så står husbonden og eg med kvar vår teskei på steinalderbustaden på Straume og grev og leitar og heile nettagronomoppgåva er gløymt i mange år framover…

Det er godt mogeleg at det ikkje er filologen i meg som tek overhand, men at eg rett og slett til tider lir av skrivevegring. Det kan jo også henda at det heller er tale om noko så ordinært som unnvikelsesstrategi. Men no er oppgåva levert, og eg kan fordjupa meg i unnvikelsesstrategien med godt samvit. Men mykje interessant har eg lært, også av å problematisera det oppgåva ikkje spør etter:

  • Bringebær, «rubus idaeus», høyrer til rosefamilien og er svært levedyktig her på Vestlandet på grunn av klimaet.
  • Det latinske slektsnamnet viser til dei raude fruktene. Ja, frukt, ikkje bær, og her vart eg også forvirra før eg forstod at eg hadde lært noko nytt.
  • Artsnamnet «idaeus» tyder at han er frå fjellet Ida på Kreta
  • Nokon påstår at det er ein erotisk samanheng mellom «bringe» i ordet bringebær og «bringe» som i «bryst» og samanliknar det med eit kvinnebryst. Men denne litt kreative tolkinga vert ikkje godteken av etymologar  som viser til at ordet stammer frå ei eldgamal indoeuropeisk rot «brem» som tydde «å stikka fram» og som i norrøn vart «brom» og hadde same tyding. Grunnen til dette er dei framstikkande knoppane eller piggane på bringebærbuska. Men litt kjedeleg er no denne forklaringa, tykkjer no eg.

Så er det eit tips eg skulla ha visst då eg i mi tid sleit med kvalme i begge svangerskapa mine, nemleg at te av bringebærblada skal hjelpa mot kvalme når ein er gravid. Men eg testa no ut alt anna, og det einaste som hjalp meg var fødselen. Googlinga førte no ein del godt med seg også, og husbonden fann denne flotte svenske songen som Mikael Wiehe har laga musikken til:

Hallon, blåbär, lingon
Hallon, blåbär, lingon
Hallon, blåbär, lingon
vart och ett har sin tid
Dom gror och dom växer
Dom gror och dom växer
Dom skördas av mänskor
när växandets tid är förbi

Fitjarbær og Jostein Prestsbø på Norge Rundt, august 2015

jpg-farger-basthaugen-logo

 

 

 

 

Publisert i Gardsdrift | Skriv en kommentar